Regjeringa ved Samferdselsdepartementet kom med avgjerd i KS1 saka for Sotrasambandet i august 2009. For fastlandssambandet
Sotra–Bergen går avgjerda ut på at det berre skal arbeidast vidare med konsept med bruløysing i dagens vegkorridor mellom
Sotra og Bergen.
[11.01.2010]
Konsepta er:
1: Utviding av dagens veg til 4 felt mellom Kolltveit og Storavatnet med ny 2 felts bru i tillegg til dagens bru - konsept
J. 2: Utbygging av nytt 4 felts samband mellom Kolltveit og Storavatnet med ny 4 felts bru - konsept F. Begge konsepta må utgreiast til same nivå som grunnlag for kommunane sin handsaming av kommunedelplan etter Plan- og bygningslova.
Vidare planprosess
Regjeringa si avgjerd i KS1 saka stiller krav om utgreiing av traséalternativ innanfor konsept J med utviding av dagens veg,
som vart silt vekk tidlegare i arbeidet med planprogram for fastlandssambandet. Alternativ innanfor dette konseptet må derfor
greiast ut på lik linje som dei tidlegare utgreidde brualternativa. Det fører til at framlegg til kommunedelplan som har vore
på høyring, må reviderast og sendast ut på ny offentleg høyring. Det vil seie at det vert ny høyring av revidert framlegg til kommunedelplan der berre brualternativ innanfor dei aktuelle
konsepta er teke med i vurderingane. I høyringsperioden vil alle offentlege høyringsinstansar og alle som vert berørt av veganlegget,
samt andre interesserte, kunne kome med ny merknad til revidert planframlegg.
Tilhøve til vedteke planprogram
Som følgje av samferdselsdepartementet sin avgjer i KS1 saka, har Statens vegvesen vurdert om nye traséalternativ fører til
behov for nye tilleggsutgreiingar som ikkje er omtalt i vedteke planprogram. Konklusjonen til Statens vegvesen er at det ikkje er behov for nye tilleggsutgreiingar utover dei som fell innanfor krava
gitt i vedteke planprogram for fastlandssambandet Sotra-Bergen. Det er derfor ikkje behov for ny høyring og handsaming av
planprogrammet. Konklusjonen må stadfestast i dei kommunane som er planstyresmakt for fastlandssambandet; Bergen og Fjell kommune. Statens vegvesen har difor laga eit arbeidsprogram for gjennomføring av arbeidet med revidert kommunedelplan i samsvar med
vedteke planprogram.
Traséalternativ
Vegvesenet sitt framlegg til kva for traséalternativ som bør arbeidast vidare med i revidert kommunedelplan som følgje av
KS1 avgjerda, må og stadfestast i dei kommunane som er planstyresmakt for fastlandssambandet.
Handsaming av framlegg til vidare planprosess
Statens vegvesen har utarbeida eit notat (datert 25.11.09) om vidare planprosess etter KS1 avgjerda, som vart sendt til berørte
kommunar (Bergen, Fjell, Sund, Øygarden og Askøy kommune) og offentlege fagetatar (Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen og
Kystverket) i slutten av november 2009. I løpet av januar 2010 vil uttalene / vedtaka frå kommunane og fagetatane vere klare
og danne grunnlag for sluttføringa av planarbeidet.