Framdrift

Førebels framdriftsplan for vidare planarbeid

Som følgje av Bergen kommune sitt vedtak om utvida planområde for Fastlandssambandet Sotra-Bergen, må det utarbeidast nytt planprogram som skal fastsettast av dei berørte kommunane Bergen og Fjell. Dette planprogrammet vil danne grunnlag for utarbeiding av nytt framlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing.

Etter framdriftsplanen skal framlegg til nytt planprogram vere ferdig rundt årsskiftet 2010/2011, og vert mest sannsynleg sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn vinter/tidleg vår 2011. Høyringsperioden er 6 veker og med handsaming av innkomne merknader kan framlegg til planprogram verte sendt kommunane april / mai 2011. Planprogrammet kan verte vedteke sumaren 2011.

Med den framdrifta vil framlegg til kommunedelplan for fastlandssambandet kunne ligge føre vinteren 2011/2012. Etter høyring og handsaming av merknader, vil planen kunne være klar til slutthandsaming og vedtak i kommunane våren/sumaren 2012.

Før vegen kan byggjast, må det utarbeidast ein reguleringsplan og ein byggeplan.  Det er ikkje avklart når arbeidet med reguleringsplanlegging, byggeplanlegging og bygging av prosjektet eventuelt vert starta opp. Finansieringa av prosjektet og den politiske handsaminga er dei mest usikre faktorane i høve til vidare framdrift.

Sist oppdatert: 24. november 2010