Organisering

Styring av planprosess

Det er oppretta eit kontaktutval der regionvegsjefen og den politiske leiinga i Hordaland fylkeskommune og dei berørte kommunane er representerte. Kontaktutvalet har som mandat å sørge for gjensidig informasjon og koordinering mellom partane og ivareta overordna styring av planprosessar. Dei skal og arbeide med grunnlag for finansiering og gjennomføring av Sotrasambandet.

Koordinering av prosjekta

Vidare er det satt ned ei administrativ gruppe for prosjektkoordinering som koordinerer alle dei tre delprosjekta. Det er oppretta plangruppe for kvar av dei tre delprosjekta. Desse gruppene har ansvaret for å gjennomføre utgreiings- og planarbeidet for kvart delprosjekt. Berørte kommunar er med i plangruppene for prosjektet og vil heile tida vere aktive deltakarar i planprosessen. Det vert jamlege møte i desse gruppene kvar tredje uke. I tillegg vert det møte kvar sjette uke i gruppa for prosjektkoordinering som koordinerer alle dei tre delprosjekta i Sotrasambandet.

Etatar og næringsliv

For heile Sotrasambandet (Sotra-Bergen, Sotra Nord og Sør) er det oppretta referansegruppe der statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar er representert samt representantar frå næringsliv, transportselskap og overordna miljøorganisasjonar.

God kontakt med nærmiljøet

For kvar plangruppe er det i tillegg oppretta ei lokal referansegruppe for nærmiljøproblemstillingar som består av velforeningar og andre interessegrupper i nærmiljøet. Grunnen til at det er oppretta eiga refransegruppe for nærmiljøet knytt til kvart delprosjekt, er at ein ynskjer å ha så nær og god kontakt som mogleg med dei gruppene som vert direkte berørt av planlagt veganlegg.

Illustrasjon
Sist oppdatert: 29. oktober 2008