Det vart gjort vedtak i dei berørte kommunane Bergen, Fjell, Sund, Øygarden og Askøy vinteren 2004/2005 der dei ber Statens vegvesen sette i gang formell planprosess for utarbeiding av plan for nytt Sotrasamband.
Planarbeidet er starta opp og det vert no som første trinn i planprosessen, utarbeida ein kommunedelplan med konsekvensutgreiing.
Arbeidet med kommunedelplanane vert delt i to fasar.
Lage eit planprogram for arbeidet med konsekvensutgreiinga knytt til kommunedelplanen i samsvar med ny "Forskrift for konsekvensutgreiingar"
som gjeld frå 01.04.05. Føremålet med planprogramma er å avklare:
- Kva for alternativ som skal greiast ut.
- Kva for tema som vil inngå i utgreiingane.
Planprogrammet vil vere eit reiskap til å få avgrensa talet på alternative løysingar så langt som råd er, slik at det vidare arbeidet med kommunedelplan vert enklare og basert på realistiske alternativ.
Utarbeiding av framlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing på grunnlag av fastsett planprogram
I Sotrasambandet inngår både vegsystem, kollektivsystem, gang/sykkelnett mellom Sotra og Bergen, samt tilførselsvegnett nord-sør på Sotra. På bakgrunn av dei ulike problemstillingane som skal handterast i planlegginga av Sotrasambandet, vert det tilrådd å dele opp arbeidet i tre parallelle planprosessar:
Kommunedelplan med konsekvensutgreiing (KU) for samband mellom Sotra og Bergen
Kommunedelplan med KU for tilførselsvegnettet
Kommunedelplan med KU for tilførselsvegnettet
Statens vegvesen vil vere tiltakshavar med ansvar for å utarbeide planprogram og planforslag m/ konsekvensutgreiing. Dei berørte
kommunane er ansvarleg mynde med ansvar for å fastsette planprogrammet og vurdere om tiltaket er godt nok utgreidd. Kommunane
vil som planmynde, vedta kommunedelplanane. Det praktiske planarbeidet vil skje i eit tett samarbeid mellom Statens vegvesen
og kommunane.