- og oppstart av arbeid med kommunedelplan med konsekvensutgreiing
Statens vegvesen Region vest starta i samarbeid med kommunane Bergen, Fjell og Sund opp plan- og utgreiingsarbeid for nytt Sotrasamband seinhausten 2006. Planprogrammet var første fase i det arbeidet. Det fastset kva som skal utgreiast i neste fase med konsekvensutgreiing og utarbeiding av kommunedelplan for Sotrasambandet.
For å avgrense talet på alternativ og få fram realistiske alternativ som syner ulike prioriteringar, er det utført ein vurdering av moglege alternativ og ein siling av alternativ. Silingsarbeidet er omtalt i ein eigen silingsrapport som følgjer som vedlegg til planprogrammet.
Framlegg til planprogram for alle tre delprosjekta i Sotrasambandet låg ute til høyring i perioden 12. mars 2007 til 27. april 2007. Det kom inn mange merknader, innspel og uttale både frå privatpersonar, velforeiningar, interessegrupper og frå offentlege høyringsinstansar. Alle merknader, innspel og uttale er gjennomgått og oppsummert og vil følgje saka vidare i planprosessen.
Det er utarbeidd framlegg til planprogram med tilhøyrande silingsrapport for alle tre delprosjekta. Arbeidet med planprogram for dei tre delprosjekta har gått parallelt og vert lagt ut til høyring samtidig. Planmaterialet ligg som vedlegg under kvart delprosjekt.
Det er og utarbeidd eit samandrag av planprogramma for alle tre delprosjekt der alternative traséar som skal utgreiast samt hovudpunkta i kva som skal utgreiast, vert omtalt. Samandraget er vedlagt på denne sida.