Fakta om strekninga

  • Strekning: Grotli-Ospeli
  • Lengde: 27 km
  • Vegnummer: Fv. 258
  • Kommunar: Skjåk og Stryn
  • Fylke: Oppland, Sogn og Fjordane

Den gamle museumsvegen mellom aust og vest er ei museumsoppleving i seg sjølv. Vegen er verna gjennom nasjonal verneplan for veger og bruer, og er eit historisk alternativ til den nye vegen over Strynefjellet.

Vegen er meir enn hundre år gamal og imponerer med handlaga murar av nøye tilhogd stein, lange rekkjer av stabbesteinar og gamle Jøl bru.
Alt står som minnesmerke over slitet og yrkesstoltheita til bygdefolk og svenske rallarar.

Gamle Strynefjellsvegen var prøvestrekning for nasjonale turistvegar mellom 1994 og 1997. Vegen er stengt for trafikk om vinteren.

Prosjekt Statens vegvesen har ytt bistand til:

  • Tilskot til Stryn Sommerskisenter på ein million kroner i samband med opprusting i 1997. Dette var eit spleiselag med eigar og kommunen, som og bidrog med ein million kroner kvar.

  • Tilskot til kultursti ved Grotli.

Utmerkingar til strekninga:

  • Statens byggeskikkpris 1998:
  • Reiselivsprosjektet i Oppland og Sogn og Fjordane
  • Vegen var ferdig i 1894. I dag står den som eit minnesmerke over slit og yrkesstoltheit hos bygdefolk og svenske rallarar. ©Foto: Vegar Moen/ Statens vegvesen

    Vegen var ferdig i 1894. I dag står den som eit minnesmerke over slit og yrkesstoltheit hos bygdefolk og svenske rallarar. ©Foto: Vegar Moen/ Statens vegvesen

  • Rekkverk ved Videfossen, bygd for å sikre turistane, men også meint å tåle mindre snøras. ©Foto: Vegar Moen/ Statens vegvesen

    Rekkverk ved Videfossen, bygd for å sikre turistane, men også meint å tåle mindre snøras. ©Foto: Vegar Moen/ Statens vegvesen

  • Gamle Strynefjellsvegen ved Heillstuguvatnet sør for Grotli. Vegen imponerer med handlaga murar av nøye tilhogd stein, lange rekkjer av stabbesteinar ©Foto: Jarle Wæhler/ Statens vegvesen

    Gamle Strynefjellsvegen ved Heillstuguvatnet sør for Grotli. Vegen imponerer med handlaga murar av nøye tilhogd stein, lange rekkjer av stabbesteinar ©Foto: Jarle Wæhler/ Statens vegvesen

  • Gamle Strynefjellsvegen i Videdalen i Stryn. ©Foto: Roger Ellingsen/ Statens vegvesen

    Gamle Strynefjellsvegen i Videdalen i Stryn. ©Foto: Roger Ellingsen/ Statens vegvesen

  • Ein køyretur langs Gamle Strynefjellsvegen om hausten kan vere ei fargerik oppleving. ©Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen

    Ein køyretur langs Gamle Strynefjellsvegen om hausten kan vere ei fargerik oppleving. ©Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen