Møtepunktet Grotli
Grotli har frå tidlege tider vore eit møtepunkt for reisande. Her bygde staten fjellstue allereie i 1867, og med auka biltrafikk
kom òg mange cruiseturistar hit for å oppleve norsk fjellnatur.
Grotli som kommunikasjonspunkt
Grotli var eit sentralt møtepunkt for reisande over Strynefjellet til og frå Geiranger, Stryn og Skjåk. Dei reisande kjøpte
bussbilletten sin til Grotli. Der bytte dei så til anna busselskap og reiste vidare.
Men Grotli var meir enn eit vegkryss for bilar. Telefonsamtaler mellom Lom og Stryn blei tekne imot og sette over vidare på
telefonsentralen på Grotli. Postgangen gjekk også via Grotli, der brev på veg over fjellet blei sorterte og pakka om. Eit
eige bilkontor på Grotli styrde rutebiltrafikken over fjellet.
Grotli i dag
Grotli har framleis status som eit samlande møte- og stoppunkt for trafikk fra aust og vest, og det var naturleg å etablere
eit informasjonspunkt her da Gamle Strynefjellsvegen skulle få status som Nasjonal turistveg i 1997.
Informasjonstavler for Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen på Grotli må hvert år vente på sommaren og åpning av den
vinterstengte vegen. ©Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen