St.prp. nr. 72 (1999-2000) Om delvis bompengefinansiering av T-forbindelsen – Ny vegforbindelse mellom Karmøy, Haugesund og Tysvær kommunar i Rogaland.
St.meld. nr. 46 (1999-2000), side 257. St.prp. nr 1 (2002-2003), side 104, St.prp. nr. 1 (2003-2004), side 100 og St.prp. nr 1 (2004-2005), side 121. St.prp. nr. 1 (2005-2006) side 128 og St.prp. nr. 1 (2006-2007) side 79. Stortingsproposisjon nr. 1 (2007-2008). Stortingsproposisjon nr. 1 2008-2009.
Det er utarbeidd nye reguleringsplanar for heile prosjektet. Desse er godkjende i Haugesund, Karmøy og Tysvær kommunar i 2005/2006.
Planane er basert på ei heilt ny løysing for knutepunktet på Fosen. Rundkøyring på Fosen er lagt inne i fjellet, ca. 60 m under havnivå (130 m under terrengnivå). Stigningane frå Karmsundet og Førresfjorden er dermed redusert til ca. 5 %. Ny tilløpstunnel frå rundkøyring og nordover har ei stigning på 6 %.
Vegdirektøren har bestemt at T-forbindelsen skal byggast utan rømningstunnel.
Så lenge prosjektet har ein kostnad som overstig 500 mill. kr, skal prosjektet gjennom ei ekstern kvalitetssikring i regi av Finansdepartementet. Dette er gjennomførd frå juni til september 2007.
Detaljert teikning av rundkøyringa.