Frå naturen si side er mennesket utrusta med stor kjensle for vibrasjonar. Vi kan merke ristingar som er fleire hundre gonger svakare enn grenseverdiane. Difor kan sprengingane opplevast som kraftige og ubehagelige utan at det er fare for skader.
Nedanfor er dei mest karakteristiske lydane som kan opptre i samband med tunnelbygginga omtala. Vanlegvis vil ca. 20 meter fjell mellom tunnelen og bygningen vere nok til at berre vibrasjonane frå sprengingane merkast.
| Lyd | Varigheit | Arbeidsoperasjon |
| "Knatring" | Varer i 5–6 sekund. Ujamn frekvens. | Sprenging |
| "Hamring" | 2–4 støyt pr. sekund. Varer i ca. 30–60 minutt. | Reinsk (gravemaskin med hydraulisk hammar). |
| "During" | Svak, jamn summelyd som kjem og går i 1–3 timar. | Boring for sprenging, injeksjon eller installering av boltar. |
Når tunneldrifta går for fullt er arbeidstida vanlegvis frå kl. 0600 til 0200 på kvardagar. Om natta vert det berre utført arbeid som ikkje skal forstyrre i husvære over tunnelen.
Under tunneldrivinga vil dei som bur over tunneltraseen merke støy og ristingar frå sprengingane i tunnelen. (Illustrasjon: Arild W. Solerød)
Sjølv om ristingane er forholdsvis små, kan lette gjenstander bevege seg mot kanten på hyller og bord. Vi oppmodar difor naboane om å halde auge med lause ting og kontrollere at bilete, speil o.l. er godt festa. (Illustrasjon: Arild W. Solerød)