Vi har laga ein bildeserie som viser tunneldriving. Klikk deg frå bilde til bilde nederst på sida.
Kvar slik syklus driv ca. 5 meter av tunnelen. Syklusen går om att slik at det vanlegvis vert sprengt ca. 30–40 meter i gjennomsnitt kvar veke. Men dette vil variere avhengig av fjelltilhøva. Hovudtyngda av sprengingsarbeida skal vera avslutta rundt midten av 2011.
1. Forinjeksjon. 24–30 m lange hol vert bora rundt heile tunneltverrsnittet der sondeboringar syner at det er naudsynt. Sementmasse blir pumpa inn i hola under høgt trykk. Sprekkene i fjellet vert på denne måten tetta der tunnelen skal sprengast, slik at grunnvatnet ikkje lek inn. (Illustrasjon Arild W. Solerød)
2. Boring og lading. Det vert bora ca. 5 m lange hol som blir lada med sprengstoff. (Illustrasjon Arild W. Solerød)
3. Sprenging For å minske ristingane på overflata vert kvar sprenging delt opp i mange små salver som blir fyrte av i rask rekkefølgje (5–6 sekund). Salvene blir tilpassa til omgjevnadene og kvaliteten på fjellet. (Illustrasjon Arild W. Solerød)
4. Utlasting Dei utsprengte fjellmassane vert lasta på bilar og frakta dit dei skal brukast eller til mellomlager/deponi. (Illustrasjon Arild W. Solerød)
5. Reinsk Laust fjell vert pigga ned med ein stor hydraulisk hammar for manuell reinsk. Er fjellkvaliteten dårleg må tunnelen sikrast med boltar, sprøytebetong og/eller armering. Kontrollingeniørane i Statens vegvesen kontrollerer fjelltilhøva etter kvar einaste salve og vurderer omfanget av nødvendig sikring. (Illustrasjon Arild W. Solerød)
6. Sikring På fjelloverflata vert det sprøyta inn betong for å stabilisere fjellet. (Illustrasjon Arild W. Solerød)