Utgravingar/ arkeologiske undersøkingar

På Fosen og i Røyksund har arkeologane funne fleire buplassar frå steinalderen i traseen for T-forbindelsen. Til saman er det tatt hand om 30 000 funn og prøver frå området. Den eldste buplassen kan vere mellom 10 000 og 11 000 år gamal.

Fleire plassar skal gravast ut og fleire lokalitetar undersøkast grundingare. Dette arbeidet forseinkar ikkje arbeidet med T-forbindelsen

Kostnadene med utgravingane er om lag 17–18 millionar kroner.

Informasjon frå Arkeologisk museum

Sist oppdatert: 25. august 2011