Prosjektet har eit kostnadsoverslag på 1,5 mrd. 2009-kroner.

Det vert finansiert med statlege midlar, bompengar, kommunale tilskot og forskot, samt garantibeløp frå Rogaland fylkeskommune og Karmøy kommune.

T-forbindelsen er lagt fram for Stortinget i St.prp. nr 72 (1999-2000) – og godkjend i Stortinget 15. februar 2001. Prosjektet var då kostnadsrekna til 760 mill. (2000-kr).

I Stortingsproposisjonen var det lagt opp til at 3/5 av bompengane skulle krevjast inn som førehandsbompengar på Boknafjordsambandet (9 års innkrevjing) fram til opning av vegen, og 2/5 av bompengane krevjast inn som etterskotsbompengar på sjølve T-forbindelsen i ca 15 år.  Byggetida var sett til om lag 4 år og anlegget var planlagd starta opp i 2005/2006 og ferdigstilt i 2009/2010.

I samsvar med Stortinget sitt vedtak er det sidan 1. april 2001 kravd inn førehandsbompengar på ferjesambandet over Boknafjorden (Mortavika-Arsvågen), lik differansen mellom takstone 21 og sone 9 i ferjetakstregulativet. For bil inntil 6 m lengde er påslaget i 2008 kr 58, for køyretøy 10-12 m lengde: kr 200. Årleg bompengeinntekt er rekna til omkring 60 mill. kr.

I grunnlaget for etterskotsbompengar er trafikken sett til gjennomsnittlege 3100 køyretøy i døgnet i 2010.

Bompengeesatsane vert 22 kr for lette køyretøy og 44 kr for tunge (takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga).

Bygginga av T-forbindelsen vart vedtatt i Stortinget 4. november 2008.

 

Forslag til finansieringsplan (2008-kr):

Statlege midlar: 405 mill.
Bompengar: 817 mill.
Kommunale forskot: 39 mill.
Tilskot frå Karmøy kommune: 95 mill.
Tilskot frå Rogaland fylkeskommune: 84 mill.


.