Første spadestikk for T-forbindelsen vart sett fredag 4. september 2009 på Håvik på Karmøy. Det var fylkesordførar i Rogaland, Tom Tvedt, som sak bak spakene på gravemaskinen. [08.09.2009]
Det første spadestikket vart sett midt i senterlinja på den nye vegen, like i nærleiken av der tunnelen kjem på Håvik. Det første gravearbeidet vart gjort midt på eit jorde, men det skal gravast langt ned i bakken for å lage veg og tunnel.
Statens vegvesen inviterte til markering av byggestart og regionvegsjef Olav Ellevset ønskte velkomen. Fylkesordførar Tom Tvedt og ordførar på Karmøy, Kjell Arvid Svendsen gleda seg begge over at vegprosjektet no blir realisert etter mange års ventetid.
Tvedt og Svendsen fekk saman med ordførarane i Haugesund og Tysvær kvar sin nøyaktige kopi av gravemaskinen som gjorde det første gravearbeidet på T-forbindelsen.
Allereie etter at markeringa for byggestart var over, gjekk entreprenøren i gang med gravearbeidet på Håvik. Samtidig arbeid
pågår også i Hellvik og Mjåsund. Lokale Vassbakk & Stol har inngått avtale med hovudentreprenør AF Gruppen for anleggsarbeid
med dei første vegstrekningane og klargjering for tunneldriving. I oktober startar AF Gruppen med tunnelarbeidet.