Første entreprise ut på tilbod

I 2013 skal vegsambandet kalla T-forbindelsen mellom Karmøy, Tysvær og Haugesund stå ferdig. Onsdag vart den første og største entreprisen i storprosjektet lyst ut på tilbod. [12.03.2009]

– Det blir spennande å sjå responsen i entreprenørmarknaden på ein så omfattande entreprise, seier prosjektleiar Rune Sandven i Statens vegvesen.

Entreprisen inkluderer bygging av ca. 4,5 kilometer veg i dagen og til saman 8,9 kilometer med undersjøiske tunnelar. Frist for å levere inn tilbod er 28. april 2009 klokka 12.00. Tilbodsopninga blir éin time seinare same dag.

Kontrakt med entreprenøren blir underskrive før sommarferien, og entreprenøren kan då starte anleggsarbeidet. T-forbindelsen skal etter planen vere ferdig tidleg i 2013.

– Det skal bli godt å kome i gang med den første entreprisen av dette prosjektet, seier Sandven.

Totalt består prosjektet av fem entreprisar. Neste blir lyst ut første halvdel av 2010.