Torsdag 13. oktober gjekk den siste salva i den ni kilometer lange undersjøiske tunnelen i T-forbindelsen. Heile tunnelen er no ferdig sprengt ut, men fortsatt gjenstår mykje arbeid før andre enn anleggsmaskinar kan køyra i tunnelen mellom Karmøy og Tysvær. [17.10.2011]
- Gjennomslaget gjekk som forventa, men grunna dårleg fjell fekk fylkesordførar og skytebas Tom Tvedt ikkje gå over røysa. Han måtte køyre tilbake igjen og heilt rundt til andre sida der gjestene venta. Her kunne han endeleg hive drammen på røysa, fortel Rune Sandven, prosjektleiar for T-forbindelsen.
Mykje vatn i tunnelen
Torsdagens gjennomslag under Førresfjorden var det andre og siste gjennomslaget i den undersjøiske tunnelen. I juni var tunnelen
ferdig sprengt ut under Karmsundet.
- Vi var førebudde på ein situasjon der fylkesordføraren ikkje kunne gå over røysa. Det danna seg ein liten innsjø bak steinrøysa og denne kunne han ikkje gå gjennom. Gjennomslaget var litt forseinka fordi vi har møtt på dårlegare fjell enn forventa. I tillegg har det vore mykje vatn i fjellet. Vi har difor brukt mykje tid på sikring og sprøytebetong, seier Rune Sandven.
I overkant av 40 personar var med på markeringa av gjennomslaget denne gong. Rogaland fylkeskommune og Statens vegvesen la ikkje opp til ei like stor markering som ved første gjennomslag.
Arbeidet fortset
Kontrakten med AF for tunnelarbeidet går ikkje ut før utgangen av år 2012. Fortsatt skal det gjerast mykje arbeid i den undersjøiske
Karmøytunnelen.
- Vi skal faktisk sprenge litt til i tunnelen denne veka, i sidetunnelen der det mellom anna skal samlast opp lekkasjevatn. No skal vi også bytte ut massen i golvet på tunnelen. Denne skal erstattast av god, knust steinmasse. Tunnelen skal vatn- og frostsikrast og vi skal leggje ned vatnleidningar, seier Sandven.
Elektrokontrakt
T-forbindelsen er ikkje berre ein undersjøisk tunnel som bind Karmøy betre saman med Tysvær og Haugesund. I tillegg til tunnelen
kjem ti kilometer med ny veg i dagen mellom Tuastad og Raglamyr og to tunnelar på land.
- No har begge dei to landtunnelane også hatt sine gjennomslag, med Husafjelltunnelen som den siste 27. september. Arbeidet går etter planen også med vegen i dagen, seier Sandven.
I mars startar ein stor elektrokontrakt opp.
- Vi har fått inn tre tilbod på denne kontrakten. I mars startar dei opp arbeidet i tunnelen og skal halde på i nesten eit heilt år. Deretter gjenstår mykje testing i tunnelen før vi kan opne heile anlegget, seier Rune Sandven.
Fv. 47 T-forbindelsen opnar våren 2013.