Siste salve med dynamitt vart fyrt av under Karmsundet onsdag. T-forbindelsen har fått sitt første gjennomslag. [10.06.2011]
Det var fylkesordførar i Rogaland, Tom Tvedt som fekk oppdraget med å fyre av den siste salven. Som skytebas tok han oppdraget svært alvorleg og nøyde seg ikkje med å bruke hjelm og vest, men trakk på seg kjeledress.
Action i tunnelen
- Han fortalte etterpå at han syns dette var ei stor hending. Fylkesordføraren var begeistra og heilt rørt. Han fekk nok også
kjenne på at det var litt action i tunnelen. Etter at han hadde tent fyr på lunta hadde dei tre minutt å kome seg bort på.
Sjølv om ein kjem eit godt stykke med bil på tre minutt, kjente dei smellet så godt i bilen at han trudde dei skulle velte,
fortel prosjektleiar for T-forbindelsen, Rune Sandven.
Nærare hundre personar var med for å markera gjennomslaget under Karmsundet. Dei stod 30-40 meter frå tunnelopninga på andre sida av røysa. Sjølv om dei var langt unna kunne ein høyre smellet frå den siste salva svært godt.
- Det var ikkje langt frå ei normalt sprenging. Vanlegvis sprenger vi 5 meter i kvar salve, her var det 3-4 meter, seier Sandven.
Etter siste salve var avfyrt vart alle frakta i bussar til gjennomslagspunktet.
Ein flott dag
- Det var ein stor augneblink då Tom Tvedt kom over røysa. Røysa fekk sin dram frå ei konjakkflaske, men alle andre skålte
i alkoholfri champagne, fortel Rune Sandven.
Markeringa fortsatte med talar og servering i telt utanfor tunnelopninga på Håvik. Prosjektleiaren er svært godt nøgd med
markeringa.
- Det var ein flott dag og vi fekk mange gode tilbakemeldingar.
Eit gjennomslag gjenstår
Gjennomslaget kom også ein månad tidlegare enn forventa.
- Sjølv om det har vore ein del dårleg fjell under Karmsundet har vi kome raskare gjennom enn forventa. No har vi sprengt
ca. 95 % av tunnelen, men det gjenstår rundt 400 meter fjell under Førresfjorden før den undersjøiske tunnelen er heilt ferdig
sprengt ut.
Siste salve under Førresfjorden kan kome tidleg i september.
Opnar i 2013
Det var ein viktig milepæl i prosjektet med første gjennomslag. Men det er nesten to år igjen til planlagt opning av heile
prosjektet i mai 2013. Det er mykje arbeid som gjenstår før tunnelen er klar.
I tillegg til den undersjøiske tunnelen som bind Karmøy betre saman med Haugesund og Tysvær, byggast det også ny veg i dagen og to landtunnelar.
- Her går arbeidet for fullt. Ein del av T-forbindelsen skal også opne tidlegare, i april 2012, i samband med opninga av fv. 47 Norheim-Raglamyr, seier Rune Sandven.