Hovudkontrakt signert

Hovudkontrakten for bygging av T-forbindelsen vart signert onsdag 19. august mellom Statens vegvesen og AF Gruppen. Kontrakten er verd 878 millionar kroner og omfattar nærare 9 km med undersjøiske tunnelar under Karmsundet og Førresfjorden, i tillegg til 4,5 km veg i dagen. [20.08.2009]

For Statens vegvesen var det regionvegsjef Olav Ellevset som signerte kontrakten. For AF Gruppen signerte direktør Morten Midtskog.

Klar for bygging
Svein Ringen, som er byggeleiar for staben på T-forbindelsen, ser fram til å koma i gang med bygginga av vegsambandet som skal binda Karmøy kommune betre saman med nabokommunane Haugesund og Tysvær.

– AF Gruppen er klar for å sette i gang bygginga, og vi planla første oppstartsmøte allereie under kontraktssigneringa, fortel Svein Ringen.

AF Gruppen starter rigging av utstyr 31. august. Det nærmer seg altså byggestart for T-forbindelsen!