Oslo-firma vann storprosjekt

AF Gruppen hadde det lågaste tilbodet og vann kontrakten om å bygge det nye vegsambandet T-forbindelsen mellom Karmøy, Tysvær og Haugesund i Rogaland. [30.06.2009]

Totalt fire entreprenørar hadde levert inn tilbod då Statens vegvesen opna tilboda for ein drøy månad sidan. 

Pris avgjerande
Det skilde drøye 110 mill. kr mellom det høgaste og lågaste tilbodet.
AF Gruppen Norge AS var lågast med 878,2 millionar kr.

No er tilboda kontrollrekna og valet av entreprenør gjort.

- Pris var ein avgjerande faktor, seier prosjektleiar Rune Sandven, som understrekar at dei andre entreprenørane har ein klagefrist på 14 dagar.

Kontrakten med AF Gruppen blir underskrive i løpet av eller like etter sommaren. Deretter kan anleggsarbeidet starte.

Denne kontrakten gjeld den første og største av totalt fem entreprisar i prosjektet. Den inkluderer bygging av ca. 4,5 kilometer veg i dag og til saman 8,9 kilometer med undersjøiske tunnelar.

Stort entreprenørselskap
AF Gruppen er eit børsnotert entreprenør- og industrikonsern med verksemd innanfor eigedom, bygg, anlegg og energi.

Verksemda med hovudkontor i Oslo har til saman rundt 2000 tilsette i Noreg, Sverige og Polen.

AF Gruppen utfører mellom anna ein av entreprisane i E18 Bjørvika-prosjektet for Statens Vegvesen. Den er også hovudentreprenør på tilførselvegane som skal byggast i samband med Hardangerbrua-prosjektet.