Seks tilbod for bygging av siste del av T-forbindelsen

Statens vegvesen har i dag hatt tilbodsopning for nordre og siste del av bygginga av T-forbindelsen. Vassbakk og Stol AS hadde det lågaste tilbodet. [25.11.2010]

Totalt seks entreprenørar hadde levert inn tilbod då fristen gjekk ut kl. 1200 i dag.

– Det er positivt at så mange er interesserte i å bygge siste del av prosjektet, seier prosjektleiar for T-forbindelsen, Rune Sandven.    

– Vi er godt nøgde med tilboda, og prisen på det lågaste tilbodet ligg også litt lågare enn vi hadde trudd på førehand, seier Sandven.

Statens vegvesen skal no gå gjennom alle tilboda for å kontrollrekne og sjekke at alle krav i konkurransegrunnlaget er oppfylt. Prosjektleiaren reknar med at det før jul vil vere klart kven som skal bygge vidare på T-forbindelsen.

– Vi håper å kome i gang med bygginga av denne strekninga allereie i januar, seier Rune Sandven.

Kontrakten gjeld bygginga av den totalt ca. 7 kilometer lange strekninga mellom Tuastad og Raglamyr. På denne strekninga inngår også bygging av to landtunnelar.

 

Entreprenør

Tilbodssum eksl. mva.

Vassbakk og Stol AS

204.563.927,70

AF Gruppen Norge AS

223.835.122,20

Mesta Entreprenør AS

227.347.660,08

Veidekke Entreprenør AS

227.441.100,-

Hæhre Entreprenør AS

231.844.723,85

Risa AS

253.081.722,-