Signerer kontrakt og markerer framdrift i Karmøytunnelen

Heile 75 % av Karmøytunnelen er sprengt ut no i slutten av januar. Samstundes går Vassbakk og Stol i gang med bygging av vegen frå Tuastad til Raglamyr. [27.01.2011]

Fredag 28. januar signerer fylkesordførar Tom Tvedt kontrakten med Vassbakk og Stol for bygging av siste del av T-forbindelsen. Kontrakten har ein verdi på 204,5 millionar kroner.  

– Arbeidet er så vidt i gang. Entreprenøren har begynt å rigge seg til på anlegget og er klare til å bygge vegen seier prosjektleiar for T-forbindelsen, Rune Sandven.

75% ferdig
Det går framover også med bygginga av Karmøytunnelen.

– No har vi sprengt ut 75 % av den undersjøiske tunnelen. Arbeidet går etter planen og meir enn 100 meter av tunnelen blir sprengt ut kvar veke, seier prosjektleiaren.

Det er venta gjennomslag i tunnelen, det vil seie at heile tunnelen er ferdig sprengt ut, i løpet av sommaren.

Signering av to kontraktar
Signeringa av kontrakten for Tuastad-Raglamyr skjer på T-forbindelsen sitt prosjektkontor i Kvaløygata i Haugesund fredag 28. januar kl. 0900.

Det vil samstundes bli signert kontrakt mellom Rogaland fylkeskommune og Risa AS for bygging av fv. 47 Norheim-Raglamyr. Denne kontrakten har ein verdi på 71,4 millionar kroner.

– Her reknar vi med at arbeidet startar i første del av februar, seier Rune Sandven.