Sprenger seg fram i Karmøytunnelen

Sprenginga av Karmøytunnelen, den undersjøiske tunnelen som utgjer den største delen av T-forbindelsen, er godt over halvvegs. Heile 60 % av tunnelen er sprengt ut no tidleg i november. [11.11.2010]

Hellevik
Tunnelen frå Hellevik er 1158 meter lang ned mot rundkøyringa 60 meter under havet. Denne er ferdig sprengt. Det same er rundkøyringa som vart fullført i juni i år. Strekninga mellom Tuastad og Røyksund er allereie ferdig og vert opna i midten av november.

– Den gamle vegen var både smal og svingete, så vi opnar denne strekninga for at det skal bli tryggare for dei som ferdast i området, seier Rune Sandven, prosjektleiar for T-forbindelsen i Statens vegvesen.

Mjåsund
Tidleg i november var det sprengt ut nær 2000 meter av tunnelen frå Tysvær-sida (pr. 2. november). På Mjåsund har høg grunnvatnstand og store mengder overflatevatn skapt utfordringar for byggherre og entreprenør. Det er blant anna bygd ein permanent demning for å halde vatn ute. I sommar vart strekninga frå E39 til der tunnelen byrjar ferdigstilt, for auka tilgjenge til Haugaland næringspark og anleggsområdet.

Håvik
Heilt i starten gjekk sprenginga frå Håvik på Karmøy sakte grunna dårleg fjell, og det måtte gjerast tung sikring her. No er fjellet betre, og 1355 meter fjell er sprengt ut (pr. 2. november). Vegarbeidet går som planlagt, og ny rundkøyring på fv. 47, i tillegg til kollektivterminal i området, er nærast ferdig.

Utfordringar framover
– Vi nærmar oss no svært vanskeleg fjell under Karmsundet, fortel Rune Sandven.

– Det fins allereie gode data om fjellet frå bygginga av gassrøyrledningen Statpipe på 1980-talet, difor veit vi mykje om kva vi kan vente oss. Men vi utfører også kjerneboring i området for å finne ut endå meir om fjellkvaliteten.

Prosjektleiaren fortel meir om korleis sprenginga av tunnelen normalt går føre seg.

– Vi sprenger normalt 5 meter av tunnelen i kvar salve. Då sprenger vi ut tunnelen i full profil. Når vi nærmer oss det dårlege fjellet kan det vera naudsynt å redusera inndrifta til både 3 meter og 1,5 meter pr. salve. Det kan også vera aktuelt å sprenge delt profil, det vil seie berre øvre eller nedre del av tunnelen i ei salve. I tillegg gjer vi store sikringstiltak, med armerte betong-bogar eller full utstøyping mellom kvar salve seier Rune Sandven.

Tunnelsprenginga skal etter planen føregå til sommaren 2011.

Tipping av steinmasse
Steinmasse frå tunnelen går på lekter og blir tippa blant anna ved Storesundsskjærene. Dette arbeidet vil pågå til seint på sommaren 2011. Fleire gonger i veka er ryddemannskap ute i båt, for å fange opp eventuelle restar av skyteledning og plastfiber etter tunnelsprenginga. 

Ny kontrakt
Den neste kontrakten for T-forbindelsen gjeld bygginga av strekninga mellom Tuastad og Raglamyr. Her inngår 7 kilometer veg i dagen, med to landtunnelar. Kontrakten vart utlyst i september, og 18. november er det tilbodsfrist. Nokre dagar seinare vil det vere klart kven som skal bygge denne strekninga.