Det betyr truleg oppstart for arbeidet til våren neste år og eit ferdig nytt vegsamband i overgangen mellom 2012 og 2013. [20.06.2008]
Fredag 20. juni vart det gjort framlegg om utbygging og finansiering av vegprosjektet T-forbindelsen.
No manglar berre det endelege vedtaket i Stortinget. Det skjer ikkje før til hausten. Likevel tyder alt no på at arbeidet
med å byggje T-forbindelsen er mindre enn eitt år unna.
– Anleggsarbeidet skal ta til våren 2009, og prosjektet kan opnast for trafikk rundt årsskiftet 2012/2013, seier statsminister
Jens Stoltenberg og samferdselsminister Liv Signe Navarsete,
ifølgje ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.
Over sommaren og utover hausten kjem Statens vegvesen til å arbeide med konkurransegrunnlaget som skal ut på tilbod.
- Vi satsar på å ha det ferdig rundt årsskiftet og lyse det ut i januar 2009, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Rune
Sandven.
- Greier ein det, kan ein byrje anleggsarbeidet i mai neste år.