Statens vegvesen bygger "Vangstunnelen" som skal legge E16 utanom Voss sentrum. Vangstunnelen er eit miljøprosjekt som også vil betre framkomst og trafikktryggleik i området. Prosjektet er eitt av fire prosjekt i Vossapakko.

Prosjektet bygger på reguleringsplan frå 2002 (godkjend i Voss kommunestyre 28. november) og reguleringsendring for nordaustre munning og tilhøyrande område godkjend i Voss kommunestyre 16. juni 2011.

Tunnelen vil verte 2469 meter lang, inkludert portalar (like lang som Galdhøgpiggen er høg) og vert knytt til eksisterande E16 med rundkøyringar i begge endar.