Vossapakko

Vossapakko er namnet på ein utbyggings- og finansieringsplan for tre vegprosjekt på E16 og rv. 13 i Voss kommune og Granvin herad. Det er i tillegg lagt inn 25 mill. kr til prosjekt på E16 i Vaksdal til bygging av nytt kryss på Stanghelle

Oversiktskart Vossapakko med bomstasjonane.

Samferdsledepartementet la den 3. april 2009 i St.prp.nr 61 (2008–2009) fram forslag om delvis bompengefinansiering av Vossapakko.

Prosjektet har ein utbyggingskostnad på 1130 mill.kr (09-kr); 600 mill.kr skal finansierast med bompengar og 530 med statlege midlar. To bomstasjonar er sett opp; ein på riksveg 13 nær kommunegrensa Voss/ Granvin, og ein på E16 nær grensa mellom Voss og Vaksdal. Bomstasjonane vart sett i drift 8. desember 2010. Innkrevjing med Autopass.

Stortinget vedtok utbygging av Vossapakko den 2. juni 2009.; jfr Inst.S.nr.233 (2008–2009). Det vart lagt til grunn anleggsstart på rv. 13 Øvre Granvin–Voss grense og rv. 13 Palmafoss–Mønshaug hausten 2009. Desse to delprosjekta i "pakko" opna 20. desember 2011. Vossapakko er planlagt ferdig utbygt i løpet av 2013. 

Vossapakko
Fase: Byggefase
Kommuner: Granvin, Vaksdal, Voss
Fylke: Hordaland
Prosjekteier: Statens vegvesen