Vegdirektoratet er ferdige med å vurdere og oppsummere innspela som har kome inn i høyringa av forslaget til ny vegdataforskrift.

Den 15. juni 2023 sende Vegdirektoratet ut brev om høyringa til høyringsinstansane. Same dag blei høyringsdokumenta publiserte på vegvesen.no. Du finn meir om høyringa her.

Fyrst var høyringsfristen 20. oktober, men for å gi nok tid til politisk behandling etter valet blei fristen forlenga til 1. desember 2023. Det kom innspel frå 32 eksterne aktørar. I tillegg har det kome innspel frå Statens vegevesen.

Vegdirektoratet har no gått gjennom og vurdert alle innspela grundig. Mange hadde gode poeng som vi har forsøkt å ta omsyn til. Den 30. april 2024 blei ei oppsummering av høyringa og vår anbefaling til endeleg forskrift send til Samferdsledepartementet.

Departementet skal no handsame anbefalinga frå direktoratet før dei fastsett den nye forskrifta slik at den kan tre i kraft.

Det er likevel ingen grunn til å vente med det faglege samarbeidet mellom Statens vegvesen som nasjonalt fagorgan, vegmyndigheitene og Nye Veier AS som forskrifta legg opp til.

Her er ein kort film om den nye forskrifta og Nasjonal vegdatabank som illustrerer nytta av korrekte og oppdaterte data for heile vegnettet.

Det store bildet

Ein informasjonsfilm om Nasjonal vegdatabank og ny vegdataforskrift. Video: Red Ant.

Arbeid med ny forskrift om vegdata og trafikkinformasjon