Bruk av private vakter utan opplæring krev at vaktene har nødvendige kunnskapar, nødvendige ferdigheiter og erfaring frå liknande oppgåver.

Bruk av vakter utan opplæring skal så langt det er mogleg haldast på eit minimum ved bruk av andre verkemiddel som:

  • omlegging av trasé
  • auka bruk av skilt og sperringar
  • oppmoding om hjelp frå politiet

Det kviler eit ekstra ansvar på arrangørane når ein får løyve til å nytte private vakter utan opplæring.   

§ 7b i vegtrafikklova og forskrift om sykkelritt på veg tredde begge i kraft i juni 2016.

Formålet med endringane er:

  • å etablere klare rettslege rammer for sykkelritt på veg
  • å vareta trafikksikkerheita for rittdeltakarar, tilskodarar og andre trafikantar
  • unngå å redusere framkomsttilhøva unødig for andre trafikantar

Det er søknadsplikt for sykkelritt som blir arrangerte på veg som er heilt eller delvis open for alminneleg ferdsel. Sykkelritt på desse vegane er berre tillate med løyve frå regionvegkontoret.

Sykkelrittarrangørar

Sykkelrittarrangørar får etter dei nye reglane høve til å nytte private vakter. Vaktene er delte inn i tre nivå:

  • Løypevakter
  • Stasjonære vakter
  • Mobile vakter

Løypevaktene kan ikkje dirigere trafikk. Stasjonære og mobile vakter kan regulere trafikken når dei står i ro.

Bruk av slike vakter føreset tilstrekkeleg opplæring. Vegdirektoratet skal godkjenne opplæringsplanen for vaktene. Dei nye reglane omfattar krav til opplæring, uniformering, eksamen, kompetansebevis, register, kursarrangør og tilsyn.

Avgjerdsmyndigheita til å bruke private vakter ligg hos den enkelte politimeisteren.