Det kan vere at ein går i frå enkelmannsføretak til AS, det kan vere fusjon mellom fleire selskap eller andre årsaker som fører til at ein lyt endre selskapsform eller org.nr.


Vi understreker at løyvedokument er juridisk knytt til org.nr og ikkje til person/eigar.

 

Kva må eit føretak gjera dersom det kjem opp i ein slik situasjon?

Dersom eit føretaket kjem opp i ein slik situasjon, lyt den ansvarlige i føretaket kontakte Nasjonal Transportløyveseksjon så raskt som råd er for å gi informasjon og for å få informasjon og rettleiing.

Føretaket må søkje om nye løyver på det nye org.nr. før avvikling av gamalt org.nr. (VIKTIG). All påkravd dokumentasjon for utan fagleg kvalifikasjon skal leggjast ved søknaden. Erfaringsmessigt er dette ein prosess som kan ta tid. Ein må rekne med ca. 2 månader, dette på grunn av tida det tar å innhente all påkravd dokumentasjon.

Når nye løyvedokument er registrert på nytt org.nr. og desse er mottatt, kan ein starte prosessen med å eventuelt avvikle gamalt føretak. Fram til 31.12.2016 er det mogeleg å søkje om refusjon på innleverte nasjonale løyvedokument som er registret på føretak som skal avviklast.


Kva skjer dersom ein har avvikla føretaket og ein har tenkt at ein kan ta med seg løyvedokument registrert på gamalt føretak inn i nytt føretak?

Løyvemyndigheita vil få varsel frå Brønnøysundregisteret om at føretaket er sletta. Løyvemyndigheita vil då fatte vedtak om endelig tilbakekall av løyver som er registrert på det sletta føretaket. Dette då føretaket ikkje lenger driv fast og varig (eit av krava for å kunne vere innehavar av løyve). Som sagt tidlegare løyver er knytt til org.nr. og ikkje til person. Dette gjeld sjølv om tanken har vert å vidareføre drifta i nytt selskap. Ved tilbakekall av løyver vil ikkje retten til refusjon lenger gjelde for innleverte løyvedokument.

Dette betyr at føretaket frå vedtaksdato ikkje lenger kan drive med løyvepliktig transport. I vedtaket vil ein få informasjon om bakgrunn og om prosessen vidare for å skaffe seg nytt løyvedokument på det nye føretaket. Erfaringsmessigt er dette ein prosess som kan ta tid. Ein må rekne ca. 2 månader, dette på grunn av tida det tar å innhente all påkravd dokumentasjon.
Ein kan klage på dette vedtaket, men regelverket er klart, og det skal gode grunnar til for at klagen blir tatt til følgje.

 
Konsekvensen dersom det vert avdekka at ein køyrer ulovleg løyvepliktig transport.

Skal eit føretak drive transport mot vederlag må føretaket vere innehavar av løyve for å gjennomføre transporten etter gjeldande regelverk. Dersom eit føretak kjem opp i ein situasjon som nemnt over, har føretaket ikkje lenger denne retten. Føretaket lyt då stanse all køyring fram til ein har fått på plass nytt løyvedokument i føretaket. Å drive transport mot vederlag utan løyve er straffbart og ein kan oppleve å få sanksjonar dersom ein vert tatt for dette. Verste konsekvens er at ein kan mista retten til å ha løyve i fleire år. Samstundes er ikkje transporten dekt av garanti og ein vert sjølv økonomisk ansvarleg dersom det skulle oppstå noko med transporten.