Her finn du ei oversikt over viktige milepælar for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.

  • Prosjektet venter på bestilling frå Samferdsledepartemenet på ein Stortingsproposisjon som skal verte vedteke av Stortinget. Vedteke Stortingsproposisjon betyr at avgjersle om investering er fatta. Prosjektet kan då lyse ut dei første kontraktane i marknaden. Byggestart er estimert til å vere mellom seks og ni månader etter utlysing, som er den tida det tek for offentleg anskaffing av entreprenør.
  • Prosjektet er fullfinanisert med oppstart i første periode i forslaget til NTP 2025-2036, som vart lagt fram i mars 2024. Endeleg NTP vert fastsett etter handsaming i Stortinget i juni 2024. 
  • I 2023 vart det gjennomført ei ekstern og uavhengig kvalitetssikring (KS2) av prosjektet. KS2 er ein del av statleg prosjektmodell, og er grunnlag for  investeringsavgjerd frå Stortinget. 
  • Prosjektet har fått løyvingar over Statsbudsjettet i 2022, 2023 og 2024 til førebuande arbeider. Pengane har mellom anna gått til kjøp av eigedommar, framføring av anleggsstraum og detaljert beskriving av dei første kontraktane som skal ut i marknaden. 
  • Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) godkjente reguleringsplanen for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle april 2022.