- Vegen blir stengt i inntil tre månader. I denne perioden blir Røyrdalstunnelen utvida og fylkesvegen i Dirdal lagt om, seier prosjektleiar Bjarne Våge i Statens vegvesen.


Mange jobbar i dalen, spesielt på Gilje tre. Frå måndag morgon går ein gratis pendlarbåt/passasjerbåt frå Oltesvik til kaien i Dirdal. Bussar fraktar folk frå kaien og vidare oppover dalen til skulen og Gilja.

Vi anbefaler å køyre via fylkesveg 503 Gloppedalen i perioden vegen i Dirdal er stengt. Her er det kolonnekøyring alle dagar frå 07:00 til 17:00 Kolonna køyrer frå Veen kvar halve klokketime og frå Byrkjedal kvar heile klokketime. Utanom desse tidene er vegen open for fri ferdsel.

- Vi ber trafikantar køyre varsamt og respektere skiltinga, ber Bjarne Våge.
Entreprenør Kruse Smith AS gjer jobben på vegner av Statens vegvesen. Kontrakten med Kruse Smith er 84,5 millionar kroner.