Statens vegvesen oppmodar folk som ikkje må ut på reise 2. juledag om å la bilen stå. Årsaka er ekstremværet «Urd», som er venta å kome med svært kraftig vind og mykje nedbør.  

Vegvesenet har eit ønskje om at folk skal ferdast trygt på vegane våre. Med eit ekstremt vêr i vente, kan det oppstå uføresette og farlege hendingar. Difor  ønskjer vi minst mogeleg trafikk når uvêret står på som verst.

Berre dei siste dagane har fleire vegar blitt stengde av ras eller uvêr på fjellet. Med den kraftige vinden «Urd» tar med seg, kan også bruer bli stengde og ferjer innstilte.

Må du ut og reise, hugs å sjekke yr.no og vegmeldingane før du reiser. Er det kolonnekøyring, kan det lønne seg å velje ein anna veg.