Etter å ha fått i drift verdas første elektriske bilferje, tar Statens vegvesen no nye steg mot ein meir miljøvenleg ferjesektor.

- Som ein av dei første i verda utfordrar vi reiarlag, verft og teknologimiljø til å utvikle ei ferje som kan gå på hydrogen, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Prosjektet skal gjere nullutsleppsteknologi muleg for ferjestrekningar som ikkje er eigna for elektrisk drift åleine. Ei hydrogen-ferje vil ha større rekkevidde enn ei elektrisk ferje. I dag finst det lite erfaring med fartøy drivne på hydrogen.

Startar med konferanse

Statens vegvesen vil våren 2017 invitere til ein dialogkonferanse for reiarlag og leverandørar. Etterpå blir det prekvalifisering for interesserte reiarlag, før ein går inn i ein fase med konkurranseprega dialog, fram til utlysing og signering av kontrakt.

Sambandet Hjelmeland-Nesvik ligg i eit skjerma farvatn i fjordane innanfor Stavanger. Ei framtidig hydrogen-ferje skal òg kunne drivast heilelektrisk med lading frå kai, slik at rutetilbodet skal kunne oppretthaldast dersom det oppstår problem med hydrogendrifta. Dette sikrar tilbodet til trafikantane.

Skal vidareutviklast

Når teknologien er utvikla og testa i Ryfylke, kan den vidareutviklast til andre og meir krevjande samband.

- Det vil krevje eit stort utviklingsarbeid for å kunne bunkre og drifte eit fartøy med hydrogen. Dette utviklingsarbeidet er kjernen i kontrakten. Prosjektet vil også vere interessant for andre delar av sjøfarten, som til dømes snøggbåtar og anna transport nær kysten, seier Gustavsen.

Eit miljøvenleg alternativ

Ei hydrogen-elektrisk ferje kan overta rolla til fossildrivne ferjer på samband som er for lange for fullelektrisk drift – om teknologien fungerer som venta. Ved bruk av hydrogen blir utsleppet vatn (H2O) og ikkje CO2 og andre forureinande stoff som diesel-motorar slepp ut. Målet med prosjektet er å inngå kontrakt med eit reiarlag som saman med leverandørindustrien ynskjer å bidra til utvikling av hydrogenbasert nullutsleppsteknologi.

Det er òg eit krav at tryggleiken skal vere like god eller betre enn på dagens ferjer, når den nye ferja blir satt i drift. Tilbodet til trafikantane vil vere det same som ved bruk av ei vanleg ferje.

Prosjektet skal bidra til regelverksutvikling i relasjon til hydrogendrivne fartøy, slik at framtidige hydrogenfartøyprosjekt blir lettare å realisere.