Arbeidet går tilnærma i tråd med prosjektet sin framdriftsplan, med planlagt vegåpning først i 2033. Det pågår anleggsarbeid både på Randaberg, på Kvitsøy og på Bokn.

Tunnelarbeidet i huvudtunnelen er allereie godt i gang, med tilkomst frå tverrslag både på Randaberg og Bokn. På Randaberg er det planlagt gjennomslag ut våren 2024, og på Bokn er det planlagt gjennomslag ut hausten 2024. Gjennomslag mot Kvitsøyentreprisen vil skje først om fleire år. 

På Kvitsøy vil det skje ei endring sommaren 2024. Før sommarferien er entreprenør på staden ferdig med første entreprise, og etter sommarferien startar ein ny. Truleg blir det også noko aktivitet på anlegget i sommarferien, og denne aktiviteten er knytt til kabelanlegget.

Stortinget vedtok utbygging og finansiering av prosjektet E39 Rogfast i Randaberg, Kvitsøy og Bokn kommunar i Rogaland den 23. mai 2017. Dette vil bidra til å knytte næringsliv og befolkning tettare saman på Vestlandet, og er det fyrste ferjeavløysingsprosjektet i vår ambisjon om ein ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim, sa dåverande samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Den 4. januar 2018 gjekk fyrste salve for adkomsttunnelen i Arsvågen som markerte oppstarten av prosjektet. Seinare har ein også bygd ein adkomsttunnel i Mekjarvik. I oktober 2018 lyste ein ut den fyrste av dei verkeleg store kontraktane på Rogfast. Det var tunnelkontrakten på Kvitsøy. Det viste seg etter at kontraktsforhandlingane var gjennomførte og endeleg tilbod var innlevert, at prisen var for høg og difor vart konkurransen avlyst. Prosjektet måtte gjennom ein kuttrunde og ein laga nye kostnadsoverslag for heile prosjektet. Etter ei ekstern kvalitetssikring (KS 2) la Regjeringa fram ei sak for Stortinget der ein foreslo ei ny styringsramme for prosjektet på 20,6 mrd.kr, og ei ny kostnadsramme på 24,8 mrd.kr. Den statlege andelen av finansieringa vart auka til 40% av totalkostnaden av prosjektet og vil med dette utgjere 8,24 mrd.kr i 2020-kr.

Stortinget handsama saka (Prop. 54 S (2020-2021) (Regjeringen)) og vedtok den nye finansieringsplanen og ein revidert framdriftsplan for prosjektet (Stortinget) den 18. desember 2020.

Lengst og djupast

Prosjektet E39 Rogfast blir verdens lengste og djupaste undersjøiske tunnel. Når Rogfast er på plass vil reisetida mellom Stavanger og Bergen bli redusert med om lag 40 minutt. Det vil samstundes leggja til rette for ein utvida bu- og arbeidsmarknad i regionen, noko som vil styrka viktige næringsklynger.

Statleg bidrag

Den statlege andelen av finansieringa er auka monaleg frå sist Stortinget handsama finansieringsplanen. Mens ein i 2017 hadde ein statleg andel av finansieringa på 3,6 mrd.kr (2017-kr) er den no altså auka til 8,24 mrd.kr.

Ein har ikkje rekna med store endringar i trafikkgrunnlaget sjølv om elbil-andelen nok vil auke. Den auka statlege andelen av finansieringa gjer at risikoen for høgare bompengar blir redusert.

Rogaland fylkeskommune har garantert for bompengelåna. Denne garantien er ikkje endra sidan prosjektet opprinneleg vart vedtatt, og det betyr at dersom kostnadane på prosjektet blir høgare enn 20,6 mrd.kr vil Staten ta desse kostnadane.

Bygging

Arbeidet med å bygge tunnel fra Kvitsøy ned til hovedløpene er ferdig. Entreprenøren Implenia/Stangeland driver tunnelen fra Randaberg i sør mot Kvitsøy, og entreprenør Skanska driver fra Bokn mot Kvitsøy. Kontrakten fra Kvitsøy blir tildelt våren 2024. Om nokre år når tunneldrivinga nærmar seg slutten, vil ein også lyse ut kontraktar for tekniske installasjonar i tunnelsystemet.

Dersom alt går etter planen vil ein då kunne opna i 2033.

Oversiktskart Rogfast
Foto: Kart: Bodil Dam Bustad

Vei:
E39
Fase:
Byggefase
Kommuner:
Randaberg, Bokn, Kvitsøy
Fylker:
Rogaland
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2018-2029
Totalkostnad:
20,60 milliarder. (2020-kr)

Rogfast. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakter

Oddvar Kaarmo

Prosjektsjef
Telefon:
95 04 85 25
E-post:

Anne Merete Gilje

Prosjektleder E03 Randaberg
Telefon:
E-post:

Odd Erik Haugen

Prosjektleder E04 Bokn
Telefon:
E-post:

Sveinung Brude

Prosjektleder E02 Kvitsøy
Telefon:
E-post:

Sist oppdatert: