Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

No er vi i gong med å byggje den nye vegen. Framleis er det på Gvammensida du vil sjå mest, men samtidig startar også arbeidet på Århus.

Tunnelen skal sprengjast frå båe sider. Framdrifta er lagd opp slik at vi begynner på Gvammen fyrst. Her vil vi drive om lag ein kilometer innover i fjellet før vi tek til med sprenging på Århus. Etter planen vil fyrste salve gå av i begynninga av desember.
Utanfor tunnelopninga, både på Gvammen og Århus, skal det vere ein verkstad, lagerhall og eit reinseanlegg til bruk i anleggstida. På begge sider av tunnelen vil vi setje opp eit knuseverk for stein.

Sprengjer fjell

Steinen som blir sprengd ut, vil bli lagera mellombels utanfor. Vi skavar av jordsmonnet på eit relativt stort område, slik at denne jorda kan bli nytta ved seinare høve. Planen er å bruke Moen deponi for lagring av stein etterkvart, men fyrst vil vi laga ein anleggsveg frå tunnelen rakt fram til E134.
-Vi vil også plassere ut stein ute på sletta der den nye vegen skal :byggjast, forklar Odd Oppedal som er prosjektleiar frå NCC

Heile sletta i dette området består av lausmassar kor det inne i mellom er lag med humus – restar etter planter og dyr. Når vi skal byggje veg oppe på dette, må grunnen vere stabil. For å få han stabil, pressar vi han saman med store mengder stein. Det er slik du ser vi allerereie har gjort der kor bruene skal byggjast. Om halvtanna år blir steinen fjerna igjen. Om vi ikkje hadde gjort det slik, ville vi risikere at vegen ville ha kasta på seg og blitt veldig ujamnt.
- Vi vil arbeide heile døgnet, men steinen vil berre bli køyrd ut av tunnel på dag og kveldstid mellom 06 og 22, fortset Oppedal.

Lange drønn

Unnataket er heilt i starten, dine fyrste 100 metrane av tunnelen skal det ikkje utførast støyande arbeid frå 22-06.
Ein del av steinen vil bli knust i verket utanfor tunnelen. Desse :massane vil bli nytta til å lage anleggsvegar ute, men også til å byggje opp ein transportveg inne i fjellet etter kvart som vi driv oss innover.
- Når salvane går av, vil det bli eit langt drønn som kan vare opp til åtte sekund. Fast fjell utvid seg til nesten det dobbele, derfor går kvar salva av i serie med mindre smell, forklarer prosjektleiaren.
Sprenginga flytter også på lufta omkring der salva går av. Trykkbølgja som kjem ut av tunnelmunninga, kan kjennast utanfor som for eksempel klirring i glas. Vi tilbyr SMS-varsling til di som ønskjer det, men vi vil samtidig opplyse om at då blir den sende varslinga om alle smell også om natta. Det er ikkje mogeleg å få desse varsla berre på dagtid.
Når vi har laga anleggsveg bort til Hjartdøla, vil det bli laga ei mellombels bru over elva, slik at lastebilane kan køyre til det nye deponiet på Moen.

Arbeidet på Århus

På Århus er veglinja  hoggen. Sjølve tunnelen startar vi med truleg i februar, men det vil likevel bli utført ein del arbeid på førehand. Her vil det blant anna bli laga ein forskjære, altså at vi klargjer fjellet der kor sprenginga skal ta til. Her vil det også bli bygt opp ein støyvald mot di nærmaste eigedommane, for å minske støyen frå anlegget. Før jol vil det også bli rigga bustadbrakker i Flatdal. Her skal det vere plass til  overnatting for 44 personar inkluderte kantine.

Odd Oppedal og Thorfinn Haugo fra NCC
Prosjektleiar for entreprenøren NCC er Odd Oppedal (t.v.) og driftsleiar er Thorfinn Haugo. Tunnelen blir bygd i fjellet mellom dei to karane.(Tor Arvid A. Gundersen) Foto: Tor Arvid A. Gundersen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark