Det er bandlagt store areal for ei framtidig veglinje mellom Volda og Furene. Mykje av dette er sentrumsnært areal som ein ynskjer å nytte til utbygging
Vegen gjennom sentrum av Volda er ueigna som stamveg pga. smal veg, krappe kurver og sentrumsbebyggelse.
Det er relativ tett trafikk i forhold til vegstandard. Dette medfører redusert framkommeligheit noko som er problematisk for kollektivtrafikken, og då særleg Timesekspressen.
I sentrum medfører trafikken miljøulemper både for dei som bur langs vegen, og for dei som går og syklar.
Regionale og nasjonale målsetjingar ved prosjektet:
Binde saman vegprosjekt som gir endra trafikkmønster: Rv. 653 Eiksundsambandet og E39 Kvivsvegen.
Inngå i den langsiktige utbetringa av E39, nord-sør som bind saman byane langs kysten.
Redusere reisetid.
Betre forutsigbarheit, særleg for langdistansetransportar.
Redusere talet på ulykker og ulykkeskostnadane totalt på trafikk mellom Volda og Furene.
Lokale målsetjingar ved prosjektet:
Avklare arealbruken i sentrum.
Avlaste dagens veg og då særleg minske tungtrafikk gjennom sentrum.
Redusere miljøulemper for naboar til E39 og sentrumsområdet i Volda.