Den såkalla injiseringa er ein vanleg del av mange tunnel-anlegg. Ofte blir det sett krav til kor mykje ein kan godta av grunnvatn som kjem inn i tunnelane. Dette er m.a. for å unngå skade i naturen over tunnel-lina. Men injeksjon kan og vere naudsynt der ein har dårleg fjell og treng å stabilisere fjelltilhøva, Det blir i så fall gjort ved å pumpe injekssjonsmasse inn i fjellet. Massen er ei blanding av sement og vatn.

Når injeksjons-perioden er over kan entreprenøren gå vidare med boring og deretter sprenging i tunnelen.

Kring 1435 meter

Det er fem injeksjons-riggar i bruk ulike plassar på E39 Svegatjørn–Rådal. Injeksjonen blir styrt frå riggen. Massen går gjennom tynne slangar inn i ein serie med djupe, tynne hol i fjellet, der tunnelen skal drivast vidare.
Injeksjonen blir bygt som ein «paraply» rundt tunnelen, som sikrar at vatnet ikkje trenger inn. Det er så langt sett inn injeksjonsmasse i totalt 1435 meters lengde i tunnelane.

Strenge krav

Det er i hovudsak i den sørlege delen av motorvegprosjektet mellom Os og Bergen at injiseringa har skjedd så langt. Her har ein dels strenge krav til innlekkasje av vatn. Dette gjeld under driving av Lyshorntunnelen og Skogafjellstunnelen. Det har ikkje vore tiltak mot vasslekkasjer på tunneldrivinga frå rv. 580 Flyplassvegen mot Sørås og Nordås i Bergen.

Her har det likevel vore brukt injeksjon for å stabilisere berggrunnen ved tunneldriving gjennom ei svak sone i Folldalen.

Injeksjon skal unngå innlekkasje av grunnvatn og skade i naturen. For kring 20 år sidan skjedde det store innlekkasjar frå driving av tunnelen på Gardemobanen. Jernbanetunnelen passerte under Puttjern, som blei synleg nedtappa som følgje av lekkasje inn i tunnelen.