Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Samferdselsminister Hareide kutta onsdag snoren for 40 km ny E16 Filefjell - fjellet med nær 100% oppetid.

Det er ei stor glede å få opne ein så viktig veg som E16 over Filefjell. Den er no blitt den sikraste vegen mellom Bergen og Oslo. Me ser på dei vakre haustfargane at vinteren er like om hjørnet, og det er godt å vite at også den nye tunnelen er klar. Men sjølv om me i dag tar i bruk ein lang strekning av E16, er det stor trong for vidare utbygging på europavegen, sa statsråd Knut Arild Hareide då han kutta snora på E16 Øye-Eidsbru, noko som markerte slutten på rundt ti års vegbygging på Filefjell.

40 km med ny europaveg er bygd, og siste delstrekning er dei austlegaste 4,5 kilometrane. 12 km av den nye vegen går i tunnel, så mykje av stigninga på begge sider tar ein lunt og snøfritt inni fjellet. Vegen er bygd med slake svingar og jamn stigning, og høgste punktet ligg på 992 moh. På høgfjellstrekninga er det bygd uvêrslys som gjer det mykje lettare å følgje vegen i mørke og snøføyke.

Sikraste vegen

- Frå gamalt av er det vegen over Filefjell som er det naturlege valet i periodar med dårleg vêr, og etter utbygginga er vintersikkerheita blitt endå betre, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.

Dei tre siste vintrane har fjellovergangen vore kolonnekøyrd eller stengd i 130 timar til saman, mot 779 timar på Hemsedalsfjellet, 1681 timar på Haukelifjell og 1066 timar på Strynefjellet. Det visar at målsettinga med å bygge den tryggaste vegen mellom aust og vest er godt oppfylt, alt før siste delstrekning opna.

- E16 Filefjell er blitt ein veg det går an å halde open nesten hundre prosent av tida. Vegen er blitt mykje lettare å drifte, og uvêrslysa gjer det betre å følgje vegen. Det skal svært mykje til no før me får kolonnekøyring og stenging på Filefjell , seier avdelingssjef Gunnar Bjørgo i Presis vegdrift, som brøytar vegen.

10 % innsparing

Arbeidet på E16 Filefjell starta for rundt ti år sidan, og vegprosjektet har vore delt inn i fire strekningar. Eidsbru-Varpe stod ferdig i 2012, Smedalsosen-Borlaug opna i 2014 og Varpe Bru-Smedalsosen opna i 2017. For sistnemnde strekning fekk E16 Filefjell Byggeindustrien sin pris "Årets anlegg 2017" - ein stor bragd for både byggeherrepersonellet og entreprenøren Hæhre.

- Sluttprognosen for heile prosjektet er på 3,44 milliardar. Det er ca 10 prosent under tildelt ramme. Dei første vel 35 kilomterane har, trass i mange utfordringar, hatt ei god gjennomføring og god framdrift. Men på den siste tidelen av strekninga har det samla seg opp ein del «stang-ut»-hendingar som har ført til forseinkingar, seier Haugen.
Øye-Eidsbru er bygd av den austerriske entreprenøren Strabag. Spanske Aldesa hadde elektroarbeidet, fram til kontraktsforholdet vart avslutta med mangelliste og Mesta Elektro kom inn for å ferdigstille Rødølstunnelen.

Skånsom utbygging

Både under planlegging og bygging er det teke omsyn til at E16 Filefjell går i eit sårbart høgfjellslandskap. Dermed var det strenge krav til kor mykje areal som kunne brukast til bygging av vegen.

- På strekninga over høgfjellet ser me no at dette arbeidet har lukkast, og det ser svært pent ut, no tre år etter vegopninga. Revegeteringa har ført til at det er naturleg, stadeigen vegetasjon som veks langs fjellovergangen, og vegen glir fint inn i landskapet, seier Haugen.

Aktuelt for fylke(r): Innlandet, Vestland