Formålet med Førdepakken er å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde. Dette skal gjerast ved å etablere veglenker som på sikt vil gi ein meir konsentrert arealbruk og byggje eit betre tilbod til gåande og syklande, slik at ein større del av reisene sentralt i Førde skal bli tekne av mjuke trafikantar. Fleire veglenker og meir gåing og sykling vil gi betre trafikkavvikling i sentrale delar av Førde.