Trafikkanalysene syner at 80 % av trafikken til byen har Førde som mål. Veksten til 2040 er rekna til 32 %. Utan tiltak på vegnettet, vil trafikken i 2040 stort sett stå i ro, og det vil framleis ikkje vere høve til utbygging og fortetting i sentrum. Tungtrafikken åleine vil auke til 1 400 køyrtøy i døgeret eller nesten 60 i timen.

Revisjon av kommunedelplan

I 2011 starta arbeidet med ein revisjon av Kommunedelplan Trafikk for Førde sentrum. Kommunedelplanen starta med 40 prosjekt, og kommunen vedtok 20, som vil gje ein tilfredsstillande trafikksituasjon i 2040. Planen vart vedtatt med nye tiltak på køyrevegnettet, oppgradering av eksisterande vegar og tiltak for gåande og syklande.

På bakgrunn av Kommunedelplan Trafikk for Førde sentrum vart det utarbeida ein søknad om å nytte bompengar for å utbetre tilhøva i Førde.

Stortinget vedtok samrøystes Førdepakken i juni 2015. Med det vart prosjekta, kva tiltak dei inneheld og rekkefølgja på desse, bestemt. Stortingsvedtaket var i samsvar med søknaden og kom etter ein brei kommunal prosess.

I denne prosessen vart det etablert fleire mål:

  • Vidareutvikle Førde som regionsenter
  • Sentrumsutvikling og utbygging i Førde sentrum
  • Betre vilkåra for gjennomgangs- og lokaltrafikken
  • Unngå framtidige trafikkproblem, og gi betre trafikktilhøve for alle trafikantgrupper
  • Samanhengande sykkelvegnett og at del av trafikken som er gåande og syklande må aukast
  • Skilje av trafikantgrupper skulle gje betre framkome og trafikktryggleik
  • Eit samla vegsystem som skulle løyse utfordringane både for biltrafikken og dei mjuke trafikantane