Kva inneheld Førdepakken?

Førdepakken inneheld 20 små og større tiltak i Førde sentrum som skal betra tilhøva både for bilistar, gåande og syklande. Omlegging av E39 forbi Førde er ikkje ein del av Førdepakken. 

Inneheld Førdepakken berre tiltak for gåande og syklande?

Nei, pakken inneheld òg fleire nye bilvegar. Ein skal mellom anna

  • byggje ny veg frå E39 på Hafstadflata til Angedalsvegen ved Førdehuset (med bru over Jølstra)
  • byggje ny veg frå lyskrysset ved Sunnfjord Hotell til Naustdalsvegen ved Øyrane vidaregåande skule
  • utbetre Askvollkrysset 
  • utbetre Bergumkrysset med ny rundkøyring

Tiltak som fyrst og fremst er retta mot gåande og syklande vil òg gi betre tilhøve for bilistar.

  • Det blir eit klarare og meir definert skilje mellom dei ulike trafikant-gruppene. Alle vil då kjenne sin plass i trafikken, noko som gjer det tryggare, betre og lettare for alle å komma fram. I fleire tilfelle vil behovet for kryssing av vegen for gåande og syklande bli redusert.
  • På sikt vil fleire av trafikantane i Førde gå og sykle, og dette vil redusere presset på vegnettet for dei som er avhengige av bil.

Kva om Førdepakken blir dyrare enn berekna – kva skjer då med bompengeinnkrevjinga?

Som for andre bompengepakkar er det føresett at omfanget av utbygginga vert tilpassa den økonomiske ramma. Dei 20 prosjekta i Førdepakken er lista etter prioritet. Dersom nokre av dei fyrste prosjekta vert dyrare enn planlagd, må ein kutta prosjekt frå botnen av lista.

Korleis er opplegget for bomringen?

  • Bomringen har fem bomstasjonar (last ned kart i meny til høgre)
  • Innkrevjingsstart var 3. oktober 2016
  • Det er innkrevjing i ei retning (inn mot Førde), heile døgnet
  • Innkrevjingstida er planlagd å vere 12 år

Takstar:

Køyretøy Før rabatt Avrunda Takst etter rabatt*
Takstgruppe 1(Lett bil) 26,05 26 20,80

Takstgruppe 2 (Tung bil)

46,89  47 47

  * AutoPASS-avtale gir 20 prosent rabatt og fordelar som timesregel og månadstak

  • Timesregel: Du betalar berre for éi passering kvar time, uansett kor mange bomstasjonar du passerer med same køyretøyet innanfor den timen. Du kan òg køyre gjennom same bomstasjonen fleire gongar på same timesregel. Timesregelen gjeld òg for tunge køyretøy.
  • Månadstak: Du betalar for maksimalt 30 passeringar per køyretøy i  kalendermånaden. Når du har betalt for 30 passeringar, køyrer du altså gratis i bomringen med det same køyretøyet ut månaden. Passeringstaket vil òg gjelde for tunge køyretøy.

Kor mykje må eg då betale per månad?

Dersom du ikkje har AutoPASS-avtale, må du betale for kvar enkelt passering gjennom alle bomstasjonane til ei kvar tid. Det finst ikkje noko øvre grense for kor mange passeringar du må betale for.

Dersom du har avtale, gjeld timesregel og månadstak. Då er det eit tak på 30 betalte passeringar per kjøretøy per kalendermånad.

Må eg ha AutoPASS-avtale for å køyre i bomringen?

Nei, men du må ha gyldig AutoPASSavtale med brikke tilknytt kjøretøyet for å få fordelar som rabatt, timesregel og månedstak. Utan avtale må du betale full takst, og du går dessutan glipp av fordelane.

Legg merke til at dei som får fritak også skal ha brikke i køyretøyet, til dømes elbilar og rørslehemma.

Kor kan eg kjøpe brikke?

Du kan ikkje teikne avtale direkte med Førdepakken, men med eit anna selskap som kan sende ut brikke. Vi tilrår Ferde. Alle som passerar med gyldig brikke vil automatisk få 20 prosent rabatt i Førdepakken.

Får eg tak i brikke i Førde sentrum?

Nei, når du teiknar avtale på internett vil du få brikke tilsendt i posten. Denne må monterast i bilen så snart den er motteken.

Kan eg bruke AutoPASS-brikka og avtala andre stader enn i Førdepakken?

Ja. Og du skal skal berre ha éi brikke i bilen. Les meir om AutoPASS-ordninga på www.autopass.no

Skal eg velje forskotsavtale eller etterskotsavtale?

Du bør velje etterskotsavtale. Då får du 10 prosent rabatt i Bergen og 20 prosent rabatt i Førde, og slepp å forskottere pengar til eit anna bomselskap.

Kan eg flytte bombrikka mellom fleire bilar?

Nei, kvar brikke er knytt opp mot eit køyretøy. Dersom du skal byte køyretøy, må du først endre registreringsnummeret på avtalen.

Når skal Førdepakken vere ferdigbygd?

Etter planen skal alle delprosjekta i Førdepakken vere ferdige i 2024.

Er det lov til å krevje inn bompengar før de har bygd ferdig?

Ja. Stortinget har vedtatt delvis parallellinnkrevjing. Parallellinnkrevjing er ei innkrevjingsform som er vanleg for bypakkar og bomringar rundt byar. Fordelen er at rentekostnadane blir lågare enn dersom det skulle vore etterskotsinnkrevjing.

Kvifor er de ikkje komne lenger med bygginga?

Før ein kan byggja ein ny veg eller trafikktiltak må ein fyrst ha undersøkt området ein skal byggje i, og lagt klare planar for korleis bygginga skal gå føre seg. Når reguleringsplanen er godkjent av kommunen, kan arbeidet med å byggje prosjektet lysast ut på anbod. Så skal ein signere avtale med eit entreprenørfirma før sjølve bygginga kan ta til.

Kva er eigentleg ein reguleringsplan, og korleis blir planane til?

Her kan du laste ned ein brosjyre som forklarer korleis Statens vegvesen går fram når me utarbeidar ein reguleringsplan.

Førdepakken