Ahmed Al-Samarray kom frå Irak til Noreg i 2006 – tre år etter at amerikanarane hadde invadert landet. Geologen hadde jobba for dei amerikanske styrkane, og då 250.000 soldatar starta tilbaketrekkinga, frykta han for livet.

Som 30-åring forlét han kona Mayada og si to år gamle dotter Amal i Bagdad. Han enda opp i Noreg, kanskje litt tilfeldig.

– Eg reiste gjennom Europa, og fekk politisk asyl i Noreg, fortel Ahmed på flytande Stavanger-dialekt, utan å ville gå i detalj kvifor om Noreg blei endestasjonen.  

Kona og dottera kom til Norge tre år etter, og no har Amal fått ei lillesøster, Sarah, som er like gamal som Amal var då ho kom til Noreg.

Ektefellen jobbar i Stavanger kommune. Før jul kjøpte familien hus i bydelen Hundvåg i Stavanger, og dei fekk ein hjarteleg velkomst av naboane.

– Naboane kom med blomar, og det gleda oss langt inn i hjarterota, fortel Ahmed.

Tok master i Bergen

Kontrollingeniøren hadde bachelor i geologi frå universitet i Bagdad og hadde brukt utdanninga til å jobbe på oljefelt for amerikanarane. I Noreg kom han raskt i arbeid, men utan å få brukt utdanninga.

Derfor søkte han på geologistudiet i Bergen og gjennomførte masteroppgåva i 2013. Få veker etter møtte han opp på prosjektleiar Gunnar Eiterjords kontor.

– Kvifor søkjer du hos oss på Ryfast, spurde Eiterjord. - Eg ville vere stolt av å få vere med å byggje Noregs største vegtunnelprosjekt. Eg vil seie til barna mine: Dette var far med å byggje, svara Ahmed. Han fekk jobben og starta som kontrollingeniør i Statens vegvesen tre dagar etter.

– Eg er utruleg glad og stolt for at eg fekk moglegheita til å jobbe med eit så stort og spennande prosjekt. Kjekke arbeidskollegaer og godt arbeidsmiljø gjer at eg trivst i Vegvesenet, seier han og smiler.

No ventar nye oppgåver.

Nye utfordringar ventar

– I går gjekk siste ladning av på kontrakten vår, og vi må starte nedbemanninga. I april startar eg på eit nytt prosjekt i Dirdal. Då er det oppgradering av tunnel som er jobben. Litt annleis enn det å byggje ny tunnel, men eg gler meg til å prøve noko nytt. 

Ahmed har fått signal om at han er aktuell til jobben som ein av mange kontrollingeniørar på det neste store tunnelprosjektet – Rogfast. Ein undersjøisk vegtunnel frå Mekjarvik utanfor Stavanger til Bokn. Den overtek verdsrekorden frå Ryfast både i lengd og djupne - 27 kilometer lang og 390 meter under havoverflata.

– Tenk å fortelje barna at eg var med å byggje dei to lengste vegtunnelane i Noreg, avsluttar Ahmed.