Frå november 2011 til mai 2014 var det 12 personskadeulukker på strekninga. Frå arbeidet starta i juni 2014 til november 2016 var talet to. Årsdøgntrafikken (ÅDT) er 36.000 bilar.

Mykje skuldast nedsett fartsgrense, men like mykje at omleggingane har blitt planlagt og utført på ein sikker måte. Kommunikasjon med trafikantane før omleggingane er også prioritert, der Facebook blir brukt som ein viktig kanal mot publikum. Resultatet er at bilistane som køyrer strekninga har blitt vane med at køyremønsteret jamleg blir endra, og dei tek omsyn.

Kan ikkje stenge

– Utfordringa er at vi har som krav at talet på køyrefelt ikkje skal reduserast og vi kan heller ikkje stanse trafikken i lengre periodar. Dette kombinert med at arbeidarane som jobbar på anlegget, få meter frå køyrebanane, skal ha ein sikker arbeidsplass, fortel byggjeleiar Terje Lerbrekk.

Han og dei andre som er med og sikrar god og sikker trafikkflyt under bygginga av Ryfast har eit godt samarbeid med vegavdelinga om arbeidsvarslingsplanar og dei har stor merksemd på at omleggingane blir gjort på ein sikker og forsvarleg måte.

– Vi legg stor vekt på at belysning og skilting er god og vi brukar langsgåande betongrekkverk både i midten og på sidene. Dette er med å sikre dei som jobbar nær vegen, fortel byggjeleiar Terje Lerbrekk.

Endra ti gonger

For å oppnå at fartsgrensa blir respektert blir kurvaturen lagt om. Det blir også brukt rumlefelt, fartsmålingstavler og innsnevring av vegbanen.

I løpet av tre år har køyremønsteret blitt endra ti gonger, avkøyrslar har blitt stengte og det er bygt mange mellombelse rundkøyringar. I tillegg har trafikken til og frå anlegga ført til auka tungtrafikk.

– Vi har eit godt samarbeid med entreprenøren, men det er ikkje til å leggje skjul på at vi må ha tett oppfølging når vi endrar køyremønsteret, seier Lerbrekk.