Forslaget gjeld ny trasé for E134 på strekninga Solheim og Bakka, ei strekning på cirka 37 kilometer.

Den anbefalte tilrådinga har ein prislapp på rundt 4 milliardar kroner. Usikkerheita er pluss/minus 25 prosent.

Sør for planområdet blir Skjoldavik–Solheim ferdig hausten 2015. Nord for planområdet blir Stordalstunnelen opna i november i år. 

Dårleg standard

Føremålet med kommunedelplanen er å bestemme trasé for ny E134, plassere kryss og velje standard på vegen. Konsekvensutgreiinga gjer greie for konsekvensane utbygginga har for miljø, naturressursar og samfunn.

– Målet er å få på plass ein trafikksikker stamveg med høg standard for gjennomgangstrafikken, og å ta hand om mest mogleg av den lokalt skapte trafikken, seier Bjørn Åmdal i Statens vegvesen.

Dagens veg har varierande og dårleg standard, og går direkte gjennom tettstadane i kommunane. Strekninga har ikkje gang- og sykkelveg, med unntak av gjennom Etne sentrum og Ølen sentrum.

Statens vegvesen tilrår

Frå Solheim følgjer ein dagens korridor fram til Nedre Austreim. Linja via Vatnedalen gir kortare trasé enn traseen om Knapphus, og har mindre konsekvensar for landbruket. I Vatnedalen er forslaget å legge linja på vestsida av Vatnedalsvatnet. Statens vegvesen anbefaler kort tunnel ved Eikesdal/Eikeland.

Tilknytinga til Ølensvåg bør bli lagt om eit kryss ved Ølensvåg.

I val av kryss ved Ølen går Statens vegvesen inn for ei samla løysing. Når det gjeld valet mellom tunnel eller dagløysing ved Oppheim, syner konsekvensutgreiinga at det er lite å hente med å bruke pengar på ein tunnel her.

- Kryss elva tidleg

På strekninga mellom Mo og Fikse anbefaler Statens vegvesen ein øvre trasé forbi Etne, med tilhøyrande kryss ved Vågen. Her er det vist ein med tunnel og eit alternativ med trasé i dagen. Trasé i dagen blir anbefalt da den er klart billegast.

Frå Mo til Bakka tilrår Statens vegvesen ei linje som kryssar elva så tidleg som mogeleg nord for Mo. Sjølv om alternativa på nord-/vestsida av vassdraget har store konsekvensar, går det fram av konsekvensutgreiinga at dei sørlege/austlege variantane har større negative konsekvensar. Den anbefalte linja er også den kortaste og billegaste.

Plandokument

Sjå plandokumeta her. Dokumenta er på høyring i tidsrommet frå 25. mars 2015 til 12. mai 2015.

Planen og val av trasear blir vedteke i Vindafjord og Etne til hausten.

Opne møte og kontordagar

I samband med høyring av planforslaget blir det arrangert opne møte og kontordagar i dei to kommunane:

  • Ope møte Vindafjord: måndag 13. april kl. 18:00 i Ølen kulturhus
  • Ope møte i Etne: tysdag 14. april kl. 18:00 i Litlesalen i Etne kulturhus
  • Kontordag Vindafjord: onsdag 15. april kl. 14:00–19:00 i formannskapssalen
  • Kontordag Etne: torsdag 16. april kl. 14:00–19:00 i formannskapssalen

Innspel 

Har du innspel? Høyringsuttale og innspel til arbeid må sendast skriftleg innan 12. mai 2015 til: Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, eller firmapost-vest@vegvesen.no. Vi ber om at innspela merkast med sak 2013/010071 og namn på planen.

Kontakt

Har du spørsmål om planarbeidet, kan du kontakte: Bjørn Åmdal, 950 33 506, eller epost bjorn.amdal@vegvesen.no