Kommunestyret i Vindafjord vedtok i sitt møte 20. oktober at framtidig trasé for ny E134 i kommunen skal vere i tråd med Statens vegvesen si tilråing.

Det betyr kryss ved ein trasé gjennom Vatnedalen, øvre linje ved Eikedal, trasé og kryss ved Ølensvåg, samla kryss ved Ølen, veg i dagen mot Fikse og kryss ved Fikse.

Kommunestyret i Etne gjorde sitt vedtak av trasé i møte 29. september. Kommunen gjekk i hovudsak inn for Statens vegvesen si tilråing, men valde ein annan trasé ved Mo-Austreim.

I Etne blir det kryss ved Fikse, øvre trasé og kryss ved Vågen, kryss ved Mo, kryssing av Nordelva ved Steinshagen, vidare forbi Austrheim og kort tunnel ved Rame, forbi Grønstad og vidare mot Bakka med tunnelar og veg i dagen.

Plan- og profilteikningar av dei vedtekne traseane og andre plandokument finn de her