Allereie  er Mælefjelltunnelen den fjerde lengste tunnelen i Telemark. Arbeidet med å sprengje ut tunnelen er for fullt i gang frå begge sider av fjellet. På Gvammen i Hjartdal gjekk den fyrste salva 17. desember i 2014, to månader seinare starta arbeidet på Århus i Seljord.

Mykje vatn


 - Vi har støtt på noko meir vatn enn vi hadde rekna med, men det har løyst seg godt, seier prosjektleiar Trude Holter i Statens vegvesen.
 Når arbeidslaget støyter på vatn, blir det bora lange hol inn i fjellet på skrå framfor boreriggen. Desse hola blir fylte med betong under høgt trykk, slik at vatnet blir stengt ute frå tunnelen. Kvar slik omgang med sprøyting blir kalla injeksjonsskjerm. To ganger har det vore nødvendige med slik skjerm på Gvammen, åtte ganger på Århus. Til saman er det no brukt 271 tonn betong.

1030 meter

- Det er NCC som har kontrakta med tunnelen. Odd Oppedal er NCC sin prosjektleiar.
På Gvammen er no tunnelen 691 meter inn i fjellet, nesten like lang som Bambletunnelen på E18. Her er det allereie sprengt ut ei stor nisje som er laga for at brøytebilane skal få snu. På Århus vil det bli sprengt ut ei tilsvarande nisje, tunnelen her er no 339 meter.  Til saman er tunnelen i augneblinken 1030 meter.
Milestolpen vil tysdag markerast med kilometerkake på brakkeriggen i Flatdal.

Ferdig 2019

 - Totalt skal tunnelen bli 9,4 kilometer lang. Når den står ferdig vil vegen mellom Hjartdal og Seljord vere rundt 11 kilometer kortare. Heile den nye vegen skal etter planen opnast på førsommaren 2019