Puslespelet fortset. Alle dei tolv tekniske bygga er for lengst ferdig bygd, no har arbeidet med å innreie dei komne godt i gong.

To av dei tekniske bygga er utanfor tunnelen, dei ti andre er inne med rundt ein kilometer avstand i mellom.  Planen no er å innreie bygg for bygg, slik at straumen etter kvart kan koplast frå det eine tekniske bygget til det neste.

Halvparten av viftene er montertHalvparten av viftene er montert

To høgspentkablar på 22 000 volt(V) blei lagd ned i tunnelen før den opphøgde skuldra blei støypt i fjor. Den eine av desse har berre ein jobb, nemleg å transportere straum tvers gjennom heile tunnelen. Den andre er vår og den tek turen innom alle dei tekniske bygga og forsyner alt som bruker straum.

Slik ser det ut i tunnelen nåSlik ser det ut i tunnelen nå

Alle husa er på over 100 kvadratmeter og er delte inn i ulike rom som er heilt isolert frå kvarandre. I eitt av desse romma er det ein transformator som transformerer spenninga frå høgspent til 400 V eitt av romma er det tavler for lågspent (400 V), den nesten er til nødstraum på 230 V. Vi har også eige rom med batteri. Vidare er det eit rom med mobiltelefonsendar, nødnett og DAB-radio utstyr.

Vifter er også kome på plass. Til saman skal det vere 32 vifter som vil sørgje for at luftkvaliteten blir tilfredsstillande. Kvar av desse kan trekkje 30 kw når dei trekkjer for fullt