Måndag 6. februar 2017 var det 594 meter igjen til gjennomslag i tunnelen. Det betyr samtidig at tunnelen var driven 8 703 meter inn i fjellet.  I dag står boreriggane 3 kilometer inn frå Århus-sida og nesten 5,7 kilometer inn frå Gvammen.
Årsaka til at tunnelen er driven lenger enn tidlegare planlagt frå Gvammen, er at det i fleire omgangar har vore store utfordringar med vatn i fjellet frå Århus. Området som var eit problem før sommaren i fjor blei overvunne, men nye problem har dukka opp seinare.

 

Særs høgt trykk


- Vi kan ikkje seie sikkert når vi får gjennomslag. Vi håpar å vere ferdige med tunneldrivinga i løpet av 3. kvartal 2017, seier prosjektleiar Trude Holter.
Over oss er det no ca. 1 000 meter fjell rett opp. Korleis det ser ut inne i fjellet veit vi ikkje før vi sonderborar, men vi har sterke indikasjonar på at vi vil støyte på meir vatn med særs høgt trykk. Kartlegging av geologien i området viser at vi snart kjem inn i ein regional forkastningssone. Dette betyr igjen at fjellet truleg er oppsprokken. Vatnet står i tynne sprekkar i fjellet, og når det kjem ut i tunnelen er det målt vasstrykk heilt opp til 85 bar.
Du kan lese meir i artikkelen om kampen mot vatnet her. Fordi vasstrykket er så høgt, er det ekstra utfordringar når sement skal pumpast inn i hola for å tette igjen for vatnet.

Gjennomslag 3.kvartal


Det er og usikkert kor lenge det er praktisk mogeleg å sprengje vidare frå Gvammen-sida. Det er minimal høgdeforskjell mellom tunnelopningane, men det er likevel laga eit fall på om lag 1,2 % frå midten og mot kvar side. Når tunnelen er driven meir enn halvveges frå Gvammen gjer det at vi må pumpe vatnet over midten før det kan renne vidare ut av tunnelen. På grunn av dette, er det og lite sannsynleg at vi kan drive tunnelen frå begge sider heilt fram til gjennomslag.
Dersom vi må gå over til å drive berre frå Århussida vil dette påverke når det blir gjennomslag.