Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Torsdag 5. desember øver redningsetatane på ulukker i Mælefjelltunnelen. Redningsinnsatsen kjem inn frå begge sider.

No er det mindre enn ein månad til Mælefjelltunnelen opnar mellom Gvammen og Århus. Før opninga skal Statens vegvesen gjennomføre ei øving som skal vere mest mogeleg realistisk.  Dette betyr at det kan kome kraftig røyk ut frå tunnelopningane på begge sider av fjellet mens øvinga held på.

- Det vil bli innsats frå begge sider av tunnelen, fortel tunnelforvaltar

Hanne Louise Løver Thon i Statens vegvesen.

Øvinga er omfattande og vil vare i fleire timar på dagtid.  Alle nødetatane deltek i øvinga, både politi, ambulanse og brannstell.

Tidlegare har det blitt laga risikoanalysar for den 9,4 kilometeren lange tunnelen.  Mælefjelltunnelen har svært moderne sikringsutstyr for å vere best mogeleg rusta til alle tenkjelege ulukkescenario.  Nesten 200 videokamera overvakar kontinuerleg tunnelen, straks ei hending skjer, går alarmen på Vegtrafikksentralen.  Brannvesenett kan få opp dei same bileta frå hendinga i dei tekniske bygga utanfor tunnelen, slik at dei kan førebu innsatsen før dei går inn.

Snora blir klipt torsdag 19. desember klokka 11.00 på Århus i Seljord.

Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark