Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Snora skal klippast 19. desember for Mælefjelltunnelen på E134 mellom Hjartdal og Seljord.

 

Datoen har vore heldt hemmeleg helt til no: Snora blir klipt klokka 11.00 av samferdselsminister Jon Georg Dale torsdag 19. desember.

- Alt ligg no til rette for at vi skal klare å opne som vi har lovt. Vi har sagt at vi skal opne til jul i år, og det gjer vi, fortel prosjektleiar Trond Øygarden i Statens vegvesen.

Om kort tid går Vegvesenet i gong med testing og utprøving av alle installasjonar som finst i tunnelen.  Til saman er det over 20 000 ulike elektroniske signal som skal koordinerast for å kontrollere alt utstyr i tunnelen. 
Når alt er testa og eventuelle feil retta opp, startar opplæring av personell på Vegtrafikksentralen sør.  Operatørane der må kunne takle einkvar tenkjeleg situasjon som kan oppstå i tunnelen. Dei får hjelp av nærmare 200 kamera som konstant overvakar tunnelen.

- Vi skal også ha ein kjentmann opplæring for nødetatane, slik at dei også skal bli best mogeleg førebudde.  I byrjinga av desember skal det også gjennomførast ei stor brannøving i tunnelen, seier prosjektleiar Trond Øygarden.

Laurdag 16. november blir arrangert det open dag i tunnelen. Arrangementet startar klokka 10 og varar i fire timar. I løpet av denne tida vil det bli rulleskirenn og ein stor konsert med fleire aktørar Foto: Tor Arvid A. Gundersen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark