Startar du på Gvammen med leidningen i handa kan du fortsetje å gå heilt til du står inne i avgangshallen på Gardermoen. Begynner du på utsida av tunnelen på den andre sida, så passerer du Lothepus  i Odda og treng ikkje stoppe før du har gått eit godt stykke langs Hardangerfjorden.  så mykje leidning skal trekkjast i riktig retning og koplast til riktig punkt.

Det tek tid.

400 slike kummer skal holdes styr på.400 slike kummer skal holdes styr på.


- Det er ein tråd som blir lagd i trekkerøyrene før dei blir bygde inn, fortel Johan Didrik Svendsen og Heine Kauppinen.  Dei jobbar i firmaet KFL Elektro i Porsgrunn, som underentreprenør til Aventi som har den store kontrakten med alt elektroarbeid i tunnelen.
Tromlene med leidningar er store. Tråden blir festa til enden av leidningen og til ein vinsj i motsett ende.  Meter for meter går den gjennom røyrene inne i betongskuldra som er støypte for lengst.
Dei to unge mennene har vore i tunnelen sidan november.  Eller meir riktig, dei har jobba tolv timars skift sidan elektroarbeidet starta.


- Er ikkje det lenge å vere inne i mørkt?
- Ja.  Særleg sånn som i dag når vi har starta på veka, men vi har vendt oss til det no.


Dersom det berre hadde vore å strekkje leidning i heile tunnelen si lengde, ville det ikkje vore så tidkrevjande. Men slik er det ikkje, langt i frå.  Nokre leidningar går til kamera, andre til lys, nokre til fartsskilt, atter andre til bommar eller nødkioskar. Felles for alle leidningane er at dei skal gjennom røyr som er bygt inn i sidene på tunnelen. Somme går på kryss, andre går på tvers. 
- Vi har 400 kummar der vi kan kome til leidningane, fortel byggjeleiar Jolanta Krozcak som har ansvaret for at leidningane kjem dit dei skal.


Veldig mange av leidningen skal også innom dei tekniske bygga. Dei er det ti stykka av inne og to utanfor portalane.  Når alle leidningar er på plass, skal alt koplast. Heilt til slutt må alt testast, berre den jobben er svært omfattande. Kvart einaste punkt, kvar einaste installasjon, skal verke. Alarmer, sensorar, radio, styring av både ditt og datt, alt skal fungere akkurat slik det er tenkt.
Sjølv om det er mykje arbeid igjen, plutseleg kjem jula og tunnelen kan opnast!