Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Vakkert, ikkje sant? Slik kjem det til å bli i Mælefjelltunnelen.

Når du fyrste gong er inne i eit fjell heilt blotta for lys, får svart ei heilt ny meining.  Ingen lysstråle når inn, absolutt ingen. Her er det totalt fråvær av lys. I Mælefjelltunnelen skal det monterast opp eit par tusen LEID armaturar som skal gjere opplevinga av å køyre svært mykje enklare og betre. Likevel er det ikkje fritt for at det kan bli litt einsformig med nesten ei heil mil utan å sjå anna landskap enn tunnelveggene.

Bryt monotomi

Der kjem det blått lyset inn i biletet. Lyset skal bryte monotonien, slik vi kjenner det frå fleire andre lange tunnelar.
- Dette var berre ei prøvelyssetjing og trimming av lyset på eit avgrensa område, fortel hovudbyggjeleiar Trond Øygarden.
Elektrokontrakten er det Aventi som har, dei har igjen engasjert Energy Optimal AS som underleverandør av lysdesignarmatur.

Riktig stilt inn

Nyleg blei lysarmatur sett provisorisk opp langs vegg og oppe på ein kabelbru Lysdesignar Erik Selmer var med og testa lyset. Han trur det kvite og blått lyset vil bli nærmast magisk når det blir ferdig montert. RGB-lysa kan justerast i alle fargar slik at det skal illustrere blåtimen som vi opplever når sola er i ferd med å sleppe tak på ettermiddagen.  For å få dette riktig til, blir det også litt grønt lyset.
Plassering, kor tette armaturane skal monterast og kva slags vinklar ljosstrålane skal treffe veggene, er no bestemt.  Resten må du vente med å få vite til du kan oppleve det sjølv etter opninga i desember.

Blått lys i Mælefjelltunnelen
Blått designljos har blitt testa i tunnelen. Glei deg til tunnelen opnar! Foto: Trond Øygarden
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark